Brev frå Statens vegvesen
I juni 2024 sendte Statens vegevesen ut eit skriv til alle innbyggjarar i Aurland og Lærdal kommune som omhandlar arbeidet dei skal setja i gang med. I brevet informert dei om at det er sprengingsarbeidet som vert mest utfordrande. Årsaka er at fjellet er av typen «sprakefjell», som gjer at trafikken ikkje kan sleppast forbi områda det vert jobba med i tunnelen før områda er sikra med fjellboltar og sprøytebetong. Difor vert det daglege stengeperiodar på 12 timar. Statens vegvesen informerer samstundes om at det vil likevel vere høve for at naudetatar kan sleppe gjennom på visse vilkår når tunnelen er stengt.
Det vart også informert om at det vert jobba med å sjå på korleis det kan leggast til rette for persontransport mellom Aurland og Lærdal under stengingsperioden, ved å sett opp busstransport til visse tider gjennom tunnelen på kveld og natt. Statens vegvesen går dermed bort frå alternativet med båttransport mellom kommunane, slik som dei tidlegare har jobba med. I informasjonsskrivet kjem det vidare frem at tunnelen vil vere open på dagtid, og etter kvart som sprengingsarbeidet vert ferdig, vil trafikk kunne sleppast gjennom meir og meir på kveld og natt.
Konsekvensutgreiing og bakgrunn for prosjekt
Aurland kommune har ansvar for å tilby og drifte eit vidt spekter av kommunale oppgåver og teneste. Desse tenestene og funksjonane må også fungere når Lærdalstunnelen er stengt halve døgeret gjennom fleire år. I tillegg er det avgjerande for kommunen å sikre at ei trygg og føreseieleg kommunal drift når oppgradering av tunnelen har starta. Aurland kommune har difor starta eit overordna prosjekt som skal sjå nærare på kva konsekvensar tunnelstenginga kan føre med seg for kommunen, for å vere så førebudd som mogleg på åra med stenging på den viktige hovudfartsåra E16.
Aurland kommune har eit særskilt behov for å få oversikt over, og gjere vurderingar i høve korleis helseberedskapen i kommunen kan sikrast under stenginga. Fleire av kommunens samarbeidspartnarar når det gjeld beredskap og helse ligg i dag på den andre sida av tunnelen, som politi og brann, legevakt, sjukehus og ambulanse, men også andre teneste som barnevern, veterinærteneste m.m. Prosjektet vil ha eit særskilt fokus på desse områda, men vil også ta føre seg korleis stenginga vil prege kvardagslivet og trivsel for kommunens innbyggjarar, og potensielt nye innbyggjarar og arbeidstakarar. Eit viktig perspektiv for ei føreseieleg og berekraftig kommunal drift er tilgang til personalet og kompetanse, og kommunen har allereie i dag utfordringar med å få rekruttert naudsynt arbeidskraft til både helse og omsorg, og oppvekstsektoren. Prosjektet vil ha søkelys på dette, og prøve å avdekke korleis stenginga vil ha innverknad på dei som bur og arbeider i kommunen. Ei stengd tunell, kan opplevast som innskrenkande, både for dei som allereie bur og oppheld seg i kommunen, men og for potensielle nye innflyttarar.
Prosjektet vil i første omgang gjennomføre ei kartlegging blant tilsette, og interne og eksterne aktørar, for å få oversikt over dei ulike konsekvensane stenginga kan føre med seg. I neste fase vil prosjektgruppa gjennomføre risiko og sårbarheits analyser basert på innspel og kartlegging, slik at prosjektet kan få oversikt over kva tiltak som bør tilrådast for å førebu kommunen best mogleg.
Prosjektorganisering
Prosjektet starta i april 2024, og vil vere ferdig i januar 2025. Prosjektgruppa skal legge fram konkrete forslag om tiltak for kommunestyret ut på nyåret, basert på det som kjem fram i kartlegging og risikoanalysane. Prosjektgruppa er samansett av brannsjef/ kommunalleiar samfunnsutvikling, Reinhardt Sørensen, kommuneoverlege Frøydis Gullbrå, og prosjektleiar Christine Warholm Naasen. Kommunedirektør Steinar Søgaard er prosjekteigar, og kommunedirektørens leiargruppe er prosjektets styringsgruppe. Ordførar Kjell Bøe Bjørgum er ein viktig referanseperson for prosjektet, og føl arbeidet i prosjektgruppa tett.