Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Aktuelt

Sogn Friluftsråd er no på plass!

Den 16. februar blei Sogn Friluftsråd skipa som eit kommunalt oppgåvefellesskap i regionen, med deltakarkommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Sogn Friluftsråd blir som medlem av Friluftsrådenes Landsforbund det 29. friluftsrådet i landet.

Sogn Friluftsråd, foto Sogndal kommune

Søknadsfrist 15. april for landbruksmidlar

  • UKL­ – midlar (Utvalde kulturlandskap i Lærdal)
  • SMIL – midlar (Spesielle miljøtiltak i jordbruket)
  • Tilskot til tiltak i beiteområde
  • Tilskot til drenering av jordbruksjord

Det er digital søknad via Altinn.

Endeleg søknadsfrist for alle ordningane er 15. april 2024

Bakka

Spørjeundersøking om oppleving av risiko knytt til skred

Norges Geotekniske Institutt (NGI) og Universitetet i Oslo (UiO) har ute ein spørjeundersøking om oppleving av risiko knytt til skred i Undredal, Flåmsdalen og Skjerdal.  Dette er kunnskap som òg er interessant for Aurland kommune, og me vil få tilsendt resultat i ettertid. Me vil difor oppmoda innbyggjarane om å svara på denne undersøkinga.

Aurland kommune er ikkje involvert i dette arbeide anna enn gjennom vidareformidling av informasjon slik som denne spørjeundersøkinga.

Skred

Eigedomsskatt for 2024

Liste over utskriven eigedomsskatt for 2024 vert lagt ut for offentleg ettersyn i Aurland rådhus samt her på heimesida frå 1. – 22. mars 2024.

Kommunevåpen Aurland kommune

Møteplassar for nye bønder, søknadsfrist for midlar, og Vossadagane!

Me ser våren i horisonten og det er tiden for samlingar, konferansar og søknad på midlar! Det er mykje som skjer i regionen, og her kjem ein smakebit på noko av det.


NB! I staden for å sende ut nyhendebrev (det var ikkje mange nok som responderte på undersøkinga) så vil me leggje ut relevant informasjon på søknadsfristar, møteplassar og liknande på nettsida på denne måten. Oversikta vert oppdatert kontinuerleg. Me set pris på tips om aktuelle arrangement som bør koma med.

Aktuelle hendingar næring og samfunn.

Marint vern av Sognefjorden – Utgreiingsprogram

Statsforvaltaren i Vestland starta arbeidet med marint vern av Sognefjorden 08.12.22.
Maria Knagenhjelm frå Statsforvaltaren i Vestland var innom kommunestyret og orienterte om prosessen den 09. februar 2023.

Innspel til oppstart av planprosessen vart handsama i formannskapet den 16.03.23, og i kommunestyret den 30.03.23

Under vann, foto av Torgeir Kårbø