Med etiske retningsliner meiner me reglar for korleis tilsette og folkevalde skal handla og opptre i arbeidssituasjonar og situasjonar der dei representerer Aurland kommune.
Etiske retningsliner gjeld for alle tilsette og alle som er valde inn i kommunale styre og utval, og i styre og utval for kommunale føretak og selskap.

GODE TENESTER

Tilsette og folkevalde i Aurland kommune pliktar å ha ei framferd utover og utføre oppgåvene sine på ein måte som er både etisk og forsvarleg.

Lojalitet
Tilsette i Aurland kommune må følgje dei retningslinene som gjeld i tillegg til å etterleve pålegg frå overordna. Det å vere lojal overfor overordna inneber ikkje noko plikt til å følgje
pålegg om å gjere noko ulovleg eller uetisk.

Rapporteringsplikt
Tilsette i Aurland kommune pliktar å melde frå til arbeidsgjevar om tilhøve ein vert kjend med som kan påføre arbeidsgjevar, tilsette eller omgjevnadene tap eller skade, slik at det kan
setjast i verk tiltak med sikte på å hindre eller avgrense tap eller skade.

Effektivitetsplikt
Tilsette i Aurland kommune pliktar å bruke og ta vare på kommunen sine ressursar på ein mest mogeleg økonomisk og rasjonell måte. Tilsette skal hindre misbruk eller sløsing med
kommunen sine midlar. Kommunale tenester skal vere kostnadseffektive og fylle kvalitetskrava som er nedfelte i Aurland kommune sine tenesteerklæringar som kommunestyret har vedteke.

INNSYN

Aurland kommune si forvaltning skal vere open og tilgjengeleg, slik at ålmenta kan gjere seg kjend med kommunen si verksemd og korleis kommunen løyser oppgåvene sine. Kommunen
har ei aktiv informasjonsplikt jf. Kommunelova §4.
Både tilsette og folkevalde har ein grunnleggjande rett til å ytre seg kritisk om kommunen si verksemd og alle andre tilhøve. I dette ligg òg at tilsette må kunne varsle om kritikkverdige
tilhøve i kommuneforvaltninga. Ei utøving av denne retten bør ha som hovudmålsetjing å betre kvaliteten på den kommunale tenesteyting spesielt, og kommunen sitt omdøme generelt.
Før ei eventuell varsling skjer, skal det som hovudregel vere gjort freistnad på å ta det kritikkverdige tilhøvet opp internt.

TILLIT TIL KOMMUNEFORVALTNINGA

Kommunalt tilsette skal leggje den faglege kunnskapen og det faglege skjønet sitt til grunn gjennom heile tenesteutøvinga, og ikkje argumentere for noko spesielt syn som ikkje byggjer
på dette prinsippet.
Tilsette og folkevalde må ikkje opptre på ein måte som er eigna til å svekke tilliten til at vedkomande handlar upartisk. Tilsette må ikkje ha ekstra arbeid, styreverv eller anna løna oppdrag som er eigna til å svekke tilliten til vedkomande som kommunalt tilsett i Aurland kommune.
Reiseutgifter i fagleg samanheng skal dekkast av kommunen. Unntak frå dette prinsippet kan berre skje etter særskilte vedtak av rådmannen. Folkevalde legg slike saker fram for formannskapet.
Folkevalde og tilsette skal ikkje akseptere fritidsreiser betalt av private bedrifter, organisasjonar og liknande. Som han/ ho på vegne av kommunen har kontakt med.

VERKNADSDATO OG EVALUERING

Etiske retningsliner for kommunalt tilsette og folkevalde i Aurland kommune gjeld frå dato for vedtak i kommunestyret, 19.02.2009, og inntil kommunestyret har vedteke endringar.