Nye personvernreglar i 2018
Norge og EU har innført nye personvernreglar frå 2018 og dei nye reglane seier at alle offentlege verksemder har plikt til å ha eit personvernombod. Den nye personopplysningslova i Norge gjeld frå 20. juli 2018.
Den norske personopplysningslova følgjer EU sin personvernforordning GDPR (General Data Protection Regulation). EU-land innførte ordninga 25. mai 2018.
Personvernombodet skal jobbe for norsk lovgjevnad og EU sin personvernforordning (GDPR).
Arbeidsoppgåvene til personvernombodet:
- vera kontaktperson mot innbyggjarar og intern rådgjevar/rettleiar internt i kommunane for tenesteområda, rådmann og administrativ leiing for handsaming av personopplysningar og reglane for dette
- vera kommunen sin hovudkontakt mot Datatilsynet og gjere undersøkingar i konkrete saker
- sjå til at behandlingsansvarleg har tilfredsstillande system for internkontroll i kommunen (risikovurderingar, avvikshandtering, rutinar og reglar osv.)
- ivareta dei registrerte sine rettar
- peika på brot i regelverk
- handtere krav om innsyn, sletting, korrigering med meir
- halda seg oppdatert på utviklinga innan personvern
- gjennomføre haldingsskapande arbeid og opplæring i kommunane
- ombodet skal på ein uavhengig måte vurdere om reglane i personopplysningsloven blir følgd i kommunane
Personvernombodet skal ha eit sjølvstendig rapporteringsansvar til rådmenna i dei tre kommunane.
Les meir om eit personvernombod sine oppgåver på datatilsynet sine heimeside: https://www.datatilsynet.no/rettigheter-og-plikter/virksomhetenes-plikter/personvernombud/personvernombudets-oppgaver/
Teieplikt
Personvernombodet har teieplikt etter forvaltningslova.
OBS! Ikkje sende sensitive opplysningar på e-post.