Aurland Eige AS

Selskapet si verksemd er å eige, forvalte og utvikle enkelte av Aurland kommune sine heileigde og deleigde verksemder, spesielt innanfor bransjane energi og reiseliv. Selskapet skal ha til føremål å skaffe aksjonærane vinst ved auke i aksjeverdiar og utbyte. Overskot skal inngå i ein plan der behovet for stabilt utbyte til eigar blir ivareteke.

Daglig leder: Knut Skår

Styrets leder: Agnar Aas

Nestleder: Atle Christian Terum

Styremedlemmer: Johannes Dalsbotten

Representant for A-aksjonærene:
Ingrid Steine Bortne
David Underdal
Hilde Marie Magnusson

Varamedlem: Per Irgens Skjerdal

Aurland Energiverk

Aurland Energiverk AS er kraftomsetjar og produsent i Aurland kommune.

Historia til Aurland Energiverk AS går tilbake til då Aurland Kommunale Kraftlag vart skipa i 1972, etter eit oppkjøp av Leinafalli L/L som hadde stått for hovudtyngda av straumforsyninga i Aurland kommune.

Leinafalli med Leinafossen kraftverk er framleis ein viktig del av Aurland Energiverk AS.

Aurland Kommunale Kraftlag gjekk inn i Voss og Omland Energiverk AS 1.1.1992. Tre år seinare valde Aurland kommune å gå ut av denne samanslutninga, og alle eignelutar som Aurland kommune hadde sett inn i Voss og Omland Energiverk AS vart overført til Aurland Energiverk AS.

Aurland Energi Nett AS fusjonerte med det regionale nettselskapet Sygnir 01.12.2021.

Styre

Styreleiar: Agnar Aas

Styremedlemmar:
David Undredal
Ingrid Steine Bortne
Johannes Dalsbotten
Hilde Magnusson  
     
Varamedlem: Per Irgens Skjerdal

Kontakt:
Forretningsadresse: Flåmsdalsvegen 115,
5743 Flåm
Postadresse: Grandavegen 4,
6887 Lærdal
Tel: 57 63 20 90
Opningstider telefon tys-tor 10.00 -14.00
E-post: post@aev.no

Aurland Hamnevesen KF (logo)

Aurland hamnesvesen KF

Aurland Hamnevesen KF er eit kommunalt føretak som driv hamner, planlegg og byggjer nye anlegg. Føretaket vart starta i 1999 samstundes med at cruisekaien i Flåm vart teken i bruk. Hamnevesenet har kontor på cruisekaien i Flåm.

Hamnesjef: 
Tor Mikkel Tokvam

Leiar hamnedrift / markedsføring:
Jon Olav Stedje

Besøk og postadresse:
Aurland Hamnevesen KF
A-Feltvegen 27
5743 Flåm.

Styre
Leiar: Noralv Distad
Nestleiar: Therese Turlid
Medlem: Kjell Bøe Bjørgum
Medlem: Monica Finden
Medlem: David Underdal

Vara: Trude Høiby Underdal
Vara: Eli Kristin Stave
Vara: Frode Magne Bekkestad
Vara: Tor Olavson Skjerdal
Vara:Tor-Bjørn Hylland

 

Aurland Ressursutvikling AS

Aurland Ressursutvikling AS er eit utviklingsselskap i Aurland kommune som er eigd av:
Aurland kommune – 30,78%
SIVA Eigedom Holding AS - 36,482%
Schage Eiendom AS - 23,011%
Sogn Sparebank - 9,727%. 

På kort sikt er selskapet si viktigaste oppgåve å medverka til oppbygginga av merkevara Flåm og naudsynt infrastruktur for å få til ein attraktivitet i ein konkurranseutsett marknad. På lengre sikt skal selskapet i tillegg driva forvalting av eigedomar og medverka til utvikling av forretningsverksemd knytta til anlegga som er utvikla, og miljøet kring desse. Dette skjer gjennom dotterselskapa.

Kraftkommunen Aurland Foto Aurland kommune

Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar

Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) ivaretek medlemskommunane sine interesser i saker om kraftutbygging. 

Nettsida til LVK inneheld informasjon om energipolitiske og -juridiske spørsmål, som mellom anna  kraftpris, posisjonen til kommunar ved bygging av nye kraftverk og nye kraftleidningar, vassdragsmiljø og -vern, småkraftutbygging med vidare.

I tillegg inneheld den informasjon om inntekta kommunen får i form av naturressursskatt, konsesjonsavgift og eigedomsskatt.

Gå til nettsida LVK her

Samarbeidsrådet Aurland, Vik og Voss

Aurland kommune vart med i samarbeidsrådet i 2009.

Føremålet med dette rådet er å styrkja næringslivet i regionen Aurland, Vik, Voss. Hovudvekta er lagt på landbruk og reiseliv.Vidare skal me samarbeida om samferdsle og kultur.

Leiarvervet går på omgang mellom ordførarane i dei tre kommunane, og sekretariatet ligg fast i Voss kommune.

Vedtekter for samarbeidsrådet Aurland, Vik, Voss

SIMAS

Sogn interkommunale miljø- og avfallselska. Selskapet vart stifta 20.mai 1994. 

Selskapet er eigd av følgande kommunar: 

  • Aurland
  • Balestrand
  • Høyanger
  • Leikanger
  • Luster
  • Lærdal
  • Sogndal
  • Vik
  • Årdal 

For meir informasjon og tenestene til SIMAS gå til deira nettsida: SIMAS.no

Skatt

Aurland kommune samarbeidar med Lærdal og Vik om felles skatteoppkrevjarfunksjon.

Funksjonen er lokalisert til rådhuset i Lærdal.

Dersom ein treng skjema eller ønskjer hjelp til utfylling av skjema eller liknande kan ein framleis ta kontakt med økonomikontoret i Aurland kommune, men for andre spørsmål i samband med skatteoppkrevjarfunksjonen skal ein ta kontakt med kontoret i Lærdal.

Sognarådet

Sognarådet interkommunalt politisk råd er eit samarbeidsorgan for kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Sognarådet skal vera ein felles arena med fokus på å sikra og vidareutvikla rammevilkåra for busetnad og næringsliv i regionen. 

Sognatinget med formannskapa er representantskapet og øverste organet for Sognarådet og har to møte i året.

Sjå deira heimesida: Sognarådet