Helsestasjonsprogrammet har faste kontrollar med:
- heimebesøk av jordmor innan 3 dagar etter heimkomst
- heimebesøk av helsesjukepleiar 7 - 10 dagar etter fødsel
- 6 vekers alder med lege
- 3 månader alder
- 4 månader alder
- 5 månader alder
- 6 månaders kontakt med lege
- 8 månaders kontakt
- 10 månaders kontakt
- 1 års kontakt med lege
- 15 månaders kontakt
- 18 månaders kontakt
- 2 års kontakt
- 3 års kontakt med lege
- 4 års kontakt
- 5 års kontakt med lege og fysioterapeut
Dersom foreldre ynskjer det, kan dei ta kontakt med helsestasjon utanom dei fastsette kontaktane.
Tilbod om vaksine etter nasjonalt vaksinasjonsprogram, med følgjande vaksineprogram:
3 månaders alder, 5 månaders alder, 1 års alder og 15 månaders alder.
Vaksineprogrammet i skulen starter i 2.kl., og sidan 6.kl., 7.kl. og 10.kl.
I 7.kl. vert det gitt tilbod om HPV vaksine med totalt 2 doser innan 1 år.
Heimebesøk
Det er jordmor eller helsesjukepleiar som kjem på heimebesøk etter fødsel.
Dei tilbyr råd og rettleiing i høve barseltida, og den 1. kontakten med helsestasjonen vert etablert.
Det er også tilbud om heimebesøk av helsesjukepleiar når barnet er 4 år.
Småbarnstreff
Dette er eit uformelt treff for barn under 2 år og foreldre.
Treffa vert arrangert annakvar onsdag frå 13.00 – 14.30 på helsestasjonen i Aurland.
Det vert nokon gonger med tema på om lag ½ time. Kom gjerne med innspel her.
Døme: Førstehjelp til barn (video), med samtale etterpå
Besøk frå fysioterapeuten m.m.