Arbeidsområde:

Støtte gjennom svangerskapet, fødselen og etter fødselen
Kartlegging / førebyggjande arbeid
Svangerskapskontrollar
Svangerskap-og fødselsførebuande kurs
Etterkontroll
Prevensjonsrettleiing
Heimebesøk
Familieplanlegging / rettleiing
Skulehelsetenesta
Samtalegrupper / rettleiing

Heilskapleg omsorg gjennom svangerskapet, fødselen og etter fødselen:

Jordmor har ansvar for svangerskapsomsorga i nært samarbeid med lege og helsesyster, evt. andre tverrfaglege samarbeidspartnarar. Dette gjeld og tida rett etter fødselen.

Kartlegging / førebyggjande arbeid:

Jordmor nyttar helsekort for gravide for å sikre kvaliteten i svangerskapsomsorga.

Svangerskapskontrollar:

Jordmor gjev informasjon, råd og rettleiing til kvinna og familien i høve svangerskap, fødsel og barseltida. Jordmor samarbeider med lege og andrelinetenesta.
 

Svangerskap-og fødselsførebuande kurs:

Jordmor er ansvarleg for svangerskapskurs / foreldreførebuande kurs. Samarbeider med fysioterapeut og helsesyster. Jordmor organiserer omvising ved fødeavdelinga i forkant av fødsel.

Etterkontroll:

Jordmor organiserer etterkontroll og andre tiltak det er behov for hjå kvinner som har født. Det gjeld og kvinner som har født dødfødt barn eller som har hatt abort.

Prevensjonsrettleiing:

Jordmor har ansvar for abortførebyggjande arbeid i kommunen. Samarbeider med helsesyster i høve skulehelsetenesta.

Heimebesøk i barselstida:

Det er jordmor eller helsesyster som kjem på heimebesøk i samband med fødsel. Dei tilbyr råd og rettleiing i høve til fødsel, barseltid, prevensjonsrettleiing og hjelp til familieplanlegging.

Familieplanlegging / rettleiing:

Jordmor gir råd, støtte og rettleiing i høve til vanskelegstilte gravide / mødrer / foreldre. Jordmor gjev og informasjon i høve til infertilitet-problematikk.
 

Skulehelsetenesta:

Jordmor deltek i undervisning på ungdomsskulesteget i høve til prevensjonsrettleiing og seksuelt overførbare sjukdomar / etikk omkring ungdom og seksualitet.

Samtalegrupper:

Jordmor har ansvar for samtalegrupper med foreldre / einslege etter fødsel / barseltid. Jordmor har og nær kontakt med foreldre som har mist sitt barn før/under eller etter fødsel.

Teieplikt:

Alle som arbeider innafor helse og sosialtenesta har teieplikt. Det tyder at vi ikkje kan gi opplysningar om dine personlege tilhøve til utanforståande.
 

Klage:

Klagen skal vere skriftleg og seie noko om kva det vert klaga på og kvifor. Du kan og klage dersom du meiner at du får dårleg handsaming frå tenesta si side. Klagen skal sendast tenesteleiar for helse- og sosial.
Den som søkjer helsehjelp, kan påklage avgjerda etter § 2-1 i lov om helsetenester i kommunen. Fristen for klage er 4 veker frå vedkomande fekk høve til å klage. Vidare klageinstans er fylkeslegen.
Ein klage som kjem etter fristen, kan likevel takast under handsaming når det vert funne rimeleg at den vert prøvd. Elles gjeld forvaltningslova sine reglar for klage.

Korleis får eg tak i jordmor:

Jordmor i Aurland kommune er Liv Ystanes
Kontor: Fjordsenteret 2. etasje.
Kontortid: Tid for konsultasjon må avtalast på førehand, då jordmor arbeidar ein til to dagar i veka.
95 98 46 23 (mobil)