Helsesjukepleiar samarbeidar med smittevernlege og er ved nyoppdaga smitte ute og informerer i skulen og/ eller barnehagar.
Døme: Smittsam hjernehinnebetennelse, lus, skabb, m.fl
Reisevaksine:
Helsesjukepleiar bidreg med vaksinasjon og informasjon før utanlandsreiser til alle innbyggjarar i kommunen.
Har du spørsmål ang. vaksinering eller smittsame sjukdomar, ta kontakt med helsestasjonen.
Ta kontakt med helsestasjonen for bestilling av vaksinering.
Du betaler sjølv for det vaksinen kostar, for konsultasjonen, og evt. revaksinering.